8.8.09

ALVOR

det var den ferien. totalt køyrde me 1980 kilometer, altså i underkant av to rundar rundt ekvator. samanlikna med sommaren 2005 og sommaren 2006 og sommaren 2007 er det ikkje mykje å skryta av.

på måndag vert me frakta attende til barnehagen, både ti over tio og meg. etter det eg kan sjå er det langt til neste lyspunkt i livet mitt. rett nok kan eg leva ei stund på dei to-tre høgdepunkta frå ferien, men kjenner eg meg sjølv rett, hugsar eg lite av dei når hauststormane dreg i gang ulinga si.

som vanleg vart ferien avslutta med eit kakelag hjå naboen. der var det servert vassbakkels, knekkebrød, jordbær, kjøtbollar og svart brus. stemninga stod i taket, og vel så det.

7 kommentarer:

frode sa...

det var hyggeleg at de ikkje stakk innom.

guffen sa...

me stakk innom. det var hyggeleg at de "var på stølen".

frode sa...

På vegne av alle som heller ikkje fekk besøk av kukola, vil eg få takke spesielt for dette.

kukola sa...

Vel. Har ein sett ei postkasse, har ein sett alle. Stort sett har ikkje heimen din meir å by på, Frode. Guffen derimot, har fått seg klatrestativ som det er nokolunde lett å dette ned frå. Difor stoppa me heller der.

frode sa...

Nei, stopp ikkje der. Kom med heile historia om då du datt ned frå flaggstonga, kløne.

kukola sa...

Noldus!

guffen sa...

frode: flaggstenger er eit litt sårt tema for kukola, etter ei traumatisk oppleving då han var i konfirmasjonsalderen.

viss du dreg inn fleire flaggstong-referansar som kommentator her, er det fare for at eg må endra reglane i den ikkje heilt avslutta nasjonalpostkassekåringa.