24.10.09

FEIL

kulturavisa dagbladet vart denne veka sterkt kritisert, frå mange hald. torsdag hadde dei ei framside som viste nokre bilete av han eine luringen i kongo, bilete med ein del augehimling og armvifting. saman med desse bileta stod overskrifta "se hvor syk han er!" dette, meinte alle som er levande opptekne av personvern og presseetikk, var å gå over alle strekar.

dagen etter, altså i går, hadde dagbladet ei framside med bilete av engle-märtha, under overskrifta "jeg har helbredende kraft", eller noko liknande. så langt har ingen kritisert denne overskrifta, truleg av di dei er redde for å få ari på nakken.

for meg er det opplagt kva som har skjedd her. på stabsmøtet tysdag har dagbladet-redaksjonen laga ferdig framsidene for resten av veka, slik dei har for vane, og så har det gått litt for i sluttredigeringa, slik at dei to overskriftene vart sett saman med feil bilete, og at i same slengen vart "hun" endra til "han".

4 kommentarer:

"kukola" sa...

Guffen, eg klarar ikkje å lesa så lange tekstar, difor har eg ikkje kommentert denne her. Kan du fortelje dette med litt færre ord?

guffen sa...

livet er oppskrytt.

frode sa...

sitat: Allkunne treng forfattarar som kan skrive om alle emne. sitat slutt.

det er ingen som har skrive om martha louise, lysfontene eller kukola på allkunne.no. truleg har desse ikkje særskild stor allmenn interesse, men eg kan godt skrive ein samleartikkel om temaet.

guffen sa...

allkunne? er det det opplegget til far min? du får fleire lesarar viss du sender artikkelen hit.