27.11.09

TOG

i dag jubilerer bergensbana, og me markerer det på ulikt vis. besten har kome opp frå kontoret i kjellaren, gjeve besto grei melding om at i dag må ho droppa både skavlan og dyrhaug, og rigga seg til i godstolen. mor mi tek like godt toget til oslo - planen var å bruka tida til å retta nokre stilar frå september, men ho vart så gripen av jubileet at ho i staden kika ut i den myrke haustnatta, medan ho nynna nokre rallarviser.

eg og onklT og halv ellevo er att heime, og greier oss så godt me kan. Så langt har vel skadene vore rimeleg jamt fordelt.

11 kommentarer:

frode sa...

artig å sjå det gamle biletet frå valdresbanen (107 år)

kjesso sa...

Nei, det var ikkje artig.

guffen sa...

dessutan er det vel bergensbanen, og ikkje valdresbanen.

frode sa...

einkvar idiot kjenner no att bitihødn i bakgrunnen og voktarboligen til familien søyland / karsrud på leira. Den gongen kvit, no raud.

guffen sa...

'idiot' er eit sentralt ord i kommentaren til frode.

kjesso sa...

Eg er sams med Frode: "Einkvar idiot osb...."

frode sa...

er det plutseleg ikkje meir enn ein idiot her?

kjesso sa...

Einsam?

guffen sa...

frode: litt usikker på kva du meiner med "her". avgrensar du deg til lomen, eller reknar du med heile valdres?

frode sa...

nei, eg var i Schweigaardsgate i går.

guffen sa...

mystisk. det var mor mi òg.