11.1.10

KALDT

det har vore heller kjøleg dei siste dagane, til og med far min har funne fram stillongsen. til alt hell har besten, på heller eige initiativ, lagt seg til ein vane der han kvar ettermiddag fyrer opp i omnen i kvitahuset. det gjer det heile meir leveleg for opptil fleire av oss.

ikkje uventa er mor mi den som slit mest med kuldegradene. verst av alt er det dei gongene ho må ta turen ned i kjellaren. vekedagane går det greitt, då går ho på do medan ho er på "arbeid", men i helgene er det ingen veg utanom. dei korte turane dit gjev inntrykk, og ho har no teke i bruk eit av dei sterkaste verkemidla som finst i samfunnet i dag, og har oppretta ei facebook-gruppe. dermed skulle det problemet vera ute av verda.

2 kommentarer:

kukola sa...

Kvifor har ikkje frode fått nokre røyster? Eg berre spyr.

guffen sa...

Eg trur det fungerer slik at han får røyster når nokon røyster på han.