17.3.10

NETTMØTE

halv tolvo får ikkje sova om natta. ho ligg og undrar seg over kvifor ingen sender inn nettmøtespørsmål. for meg, som delar av natta ligg på same rom som ho, er dette helst irriterande. eg drog difor i gang ein kort spørsmålsrunde i sofaen her om dagen.

eg: når eg vert stor, skal eg verta dyrlege. kva med deg?
halv tolvo: når eg vert stor, skal eg verta ein sånn mann som kler seg ut som tiger.

11 kommentarer:

Ingeborg Bjorland Hansen sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Anonym sa...

Kven vil ikkje det? Frode kanskje, men han får då ha kjolane sine i fred.

kukola sa...

Samd.

frode sa...

Eg har vore det før, no har eg gått eit skritt vidare.

Ingeborg Bjorland Hansen sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
kjesso sa...

Guffen: når du vert dyrlege, vil du helst arbeida med tigrar?

guffen sa...

berre viss dei har kledd seg ut som halv tolvo.

kukola sa...

Frode: Kva? Er du ikkje mann lenger? Det forklarar dei hormonelle utbrota dine! Kan hende du bør tenkje på å endre namn. Om då ikkje Frode er eit pseudonym.

frode sa...

ikkje pseudonym, - antonym. Nei, men seriøst. Eg er kjønnsforskar.

frode sa...

Pseudonym? Nei, frode er eit antonym.

Men seriøst, eg er kjønnsforskar.

kjesso sa...

Apropos: her kjem nokre spørsmål til nettmøtet med kvart på nio, i von om at det ikkje er avslutta enno:

1. Finst det ein gud?

2. Finst det to gudar?

3. Veit du kvar haren hoppar?

4. Kven vinn Premier League, Chelsea, Manchester United, Arsenal eller Hull?

5. Kor mange pengar haver du?

6. Kva er yndlingsfisken din?

7. Kva for ein farge er best på bilar?

8. Kor langt har du gått på ski i år?

9. Kan du hoppa høgare enn ein kilometer?

10. Er du lei av spørsmål?