29.3.10

JAZZ

det er mangt ein må vera med på. no i helga drog foreldra mine meg med på noko jazzgreier. ti over halv tolvo laut òg vera med. det var ikkje mykje med det, det var berre nokre stolar og musikantar ramla saman på slump. ti over halv tolvo er ikkje så røynd kulturbrukar, så ho sat med store auge og tralla med der det passa seg slik. sjølv tok eg heller beina fatt, for å sjå på den fine utsikta.

etterpå fekk me vafler og lunka saft.

4 kommentarer:

Anonym sa...

såg du noko til lars skjervheim?

klingklang sa...

I følgje avisa Hordaland i dag var det ei retteleg gild stund.

Ingeborg B. Hansen sa...

Vaflar og lunka saft, for ei avslutning!

guffen sa...

anonym: lars skjervheim var ein snartur innom.

dilldall holom: hordaland er ei dynamisk avis, men akkurat her er dei på bærtur. ikkje var det gildt, og ikkje var det ei stund.