24.8.10

VITS

det er berre eitt år til eg tek til på skulen, og onkl T gjer det han kan for at eg skal unngå ekstratimar der. i dag gav han meg eit grunnkurs i nasjonalvitsen, og drog den om dei to tomatene som gjekk langs ein veg. eg fekk deretter i oppgåve å laga ein vits sjølv, og kan vel seia meg nokolunde nøgd med resultatet:

det var to ski som gjekk over ein veg. så vart den eine overkøyrd, og så sa den andre: "klapp igjen då, bananskal".

5 kommentarer:

kjesso sa...

Vart han overkøyrd fordi han glei på bananskalet? Og kva har skjedd med Billemann og Bollemann?

kjesso sa...

Eg har ein ny ein, eg tek berre punsjlinja:

"Kom igjen, Banos."

Frode sa...

Eg forstod den ikkje.

guffen sa...

sorry. eg trudde du var slutta her. denne passar kanskje betre:

det var to oksebønder frå valdres som gjekk over ein veg. så vart den eine overkøyrd. så sa den andre: kom igjen, banos.

kjesso sa...

Det var to vagabønder frå Valdres som overgjekk ein okse. Så vart den eine overhøyrd. Så sa den andre: Eg forstod den ikkje.