7.12.10

1931

onklT nyttar førjolstida til å bla i gamle årgangar av norsk barneblad, for å finna den beste vitsen som har stått på trykk der. det vert ikkje heilt kronologisk, og det skulle ikkje undra meg om det heile stoppar opp relativt raskt, men her er i alle fall årgangsvitsen frå 1931:

- Segjer de "eg døde" eller "eg døydde" her i bygdi? spurde målgranskaren ein av bygdefolki.
- Hjå oss snakkar ikkje liki, svara mannen.


dei som vil kan gjerne gje poeng til desse vitsane, etter eigen skala.

1 kommentar:

kjesso sa...

...men då natta fall på, fekk mannen anna å vita. Berso han var i ferd med å sovna, høyrde han det rasla i greinene utanfor vindauga, og ei hol røyst som kveste: "Eg døydde.. eg døydde... og no skal du òg døy...!"