27.11.09

TOG

i dag jubilerer bergensbana, og me markerer det på ulikt vis. besten har kome opp frå kontoret i kjellaren, gjeve besto grei melding om at i dag må ho droppa både skavlan og dyrhaug, og rigga seg til i godstolen. mor mi tek like godt toget til oslo - planen var å bruka tida til å retta nokre stilar frå september, men ho vart så gripen av jubileet at ho i staden kika ut i den myrke haustnatta, medan ho nynna nokre rallarviser.

eg og onklT og halv ellevo er att heime, og greier oss så godt me kan. Så langt har vel skadene vore rimeleg jamt fordelt.

22.11.09

FØRJOLSTID

det er ålment kjent at i førjolstida er det litt sprik mellom interessene til mor mi og onklT. ho er mest oppteken av joleting, han gjev ein god ein. dette spriket kan òg til ei viss grad overførast til slektene deira. besto på nordmøre er til dømes så desperat etter å pakka inn ting og senda dei i posten at ho denne veka pakka inn eit telys og sende det med ilpost til mor mi. ein skal kjenna mor mi rimeleg dårleg for å tru at ho har behov for ekstra telys.

mor mi oppførte seg òg uvanleg merkeleg i går. at ho ville ta nokre rundar for å sjå etter jolegåver er ikkje så rart, men no slo ho til og kjøpte alle jolegåvene ho hadde tenkt å kjøpa i ein og same butikk. i teorien kan ho difor spara ein del tid dei neste vekene, men for å unngå at folk omtalar ho som ei som handlar alle jolegåvene i ein og same butikk, kjem ho til å pakka inn alle gåvene på nytt, slik at det ser ut som om ho har vore innom i opptil fleire.

16.11.09

OSLO

denne helga var onklT og eg ein snartur til oslo. det var som vanleg travelt, og det var berre så vidt eg fekk tid til å slappa av. onklT hadde like godt teke med ei defekt datamaskin, slik at planane om å sjå teiknefilm på toget, både att og fram, fall i fisk. me satsa i staden på heilt andre ting.

me budde på beste vestkant, der veret var nokolunde fint heile tida. i går tok kjesso oss med til ein bowlinghall, der me bowla og åt is. slik det går fram av biletet over, var det heile svært vellukka.

filmen under viser at husvertane har relativt morbide interesser.

8.11.09

SVIN

eg fattar framleis ikkje poenget. avisene skriv side opp og side ned om svineinfluensa, og legg det heile fram som om det skulle vera ein pest på lik line med svartedauden. sjølv fekk eg svineinfluensa natt til tysdag - litt høg feber, litt dårleg matlyst, litt mange filmar frå sofaen, og vips: 24 timar etterpå var eg frisk nok til å sjå endå fleire filmar frå sofaen. halv ellevo gjorde endå kortare prosess - han hosta litt nokre timar torsdag kveld, og det var det. mor mi hadde litt vondt i hovudet i går, taktisk nok akkurat før finala i fjernsynsprogrammet "skal vi danse", slik at far min måtte leggja oss. og far min hosta ein gong i dag tidleg, så no reknar me oss for ferdige med svineinfluensaen. me kunne såleis nærma oss ljosare tider, men mor mi har alt drege i gang det vanlege ordskiftet om jolegåver.
oppdatering: me ynskjer molde til lukke med cupfinala, og hentar fram denne frå arkivet.

1.11.09

POSTKASSE #13

kåringa av nasjonalpostkasse held fram, og me er no framme ved kandidat nummer 13.
reglane for kåringa finn ein her, og ei rimeleg oppdatert resultatliste ligg her. finanskrisa har ført til at reglane er litt endra, for å visa solidaritet med alle som har gått konkurs på island er det ikkje lov til å gje meir enn 8000 poeng denne runden.

24.10.09

FEIL

kulturavisa dagbladet vart denne veka sterkt kritisert, frå mange hald. torsdag hadde dei ei framside som viste nokre bilete av han eine luringen i kongo, bilete med ein del augehimling og armvifting. saman med desse bileta stod overskrifta "se hvor syk han er!" dette, meinte alle som er levande opptekne av personvern og presseetikk, var å gå over alle strekar.

dagen etter, altså i går, hadde dagbladet ei framside med bilete av engle-märtha, under overskrifta "jeg har helbredende kraft", eller noko liknande. så langt har ingen kritisert denne overskrifta, truleg av di dei er redde for å få ari på nakken.

for meg er det opplagt kva som har skjedd her. på stabsmøtet tysdag har dagbladet-redaksjonen laga ferdig framsidene for resten av veka, slik dei har for vane, og så har det gått litt for i sluttredigeringa, slik at dei to overskriftene vart sett saman med feil bilete, og at i same slengen vart "hun" endra til "han".

21.10.09

LYKLAR

far min er vekkreist, men melder at han har funne att reservelyklane til bilen til besten. alle detaljar er ikkje klare, men det må vera klart for kvar og ein at dei dukka opp på ein plass der ingen skulle tru at dei var.

dagen i dag har elles vore prega av at alt som kan røra seg i den norske mediaverda presenterer lister over kven som tener mest totalt, kven som tener mest i regjeringa, kven som tener mest i sogn og fjordane, kven som tener mest av folk fødde i 1980, osb. den einaste lista som manglar er kven som tener mest av dei mest profilerte målfolka. burde ikkje dette vera ei opplagt sak for norsk tidend?