4.9.05

JOTUNHEIMEN

far min verkar rimeleg fiksert på at eg skal verta ein fjellgris, og i helga tok han meg med til jotunheimen. onkel T har fortalt at far min kan vera ein heller ukoseleg turkamerat, og slik var det denne gongen òg. fyrst fekk eg det våtaste hjørna i teltet, så fekk eg den tyngste sekken, og så la han i veg som om det handla om å koma fyrst fram. eg slit litt med koordineringa av armar og bein, så etter fem minutt var han ute av syne. eg la meg nedpå litt, og nokre timar seinare kom han attende. han var heilt fesen, og det vart ikkje noko av det varme måltidet han hadde lova meg. han kasta meg i staden i bagasjerommet og køyrde heim.

der nådde me såvidt sportsrevyen. det fotball-landslaget treng mest av alt er ein frisør.

2 kommentarer:

guffen sa...

eg har ein mistanke om at desse kommentarane er standardiserte og upersonlege, men dersom dei ikkje er det, kan de kanskje gå over til å skriva på norsk. eg er altfor ung til å vera bilateral.

Anonym sa...

Bilateral. Har det noko med bil å gjere?