25.9.05

PORSELEN

i går prøvde me nyebilen med ein liten tur gjennom valdres, og høyrde med interesse på den lokale nrk-stasjonen. dei melde mellom anna om 30 porselensdokker frå valdres folkemuseum som var utstilte i byen galveston i texas, og som stod i fare for å få ein amerikansk orkan midt i planeten. dei lokale nrk-stasjonane på andre kantar av landet har ikkje vist interesse for desse dokkene, og eg veit difor ikkje korleis det står til med dei. dersom nokon har høyrt siste nytt om dokkene, bør dei melda frå snarast.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Bloggen din er superkuul Guffen!!! Kjekt at du har fått eitt til namn. Forslag til ny kosedyr-liste - best på Mikado:
1. kanino
2. tigeren
3. skilpaddo på ein klart sisteplass!
Helsing frå Trygve og Ingeborg i Fusa

guffen sa...

hallo? skilpaddo har trent seg opp, og er no minst like god om tigeren.