29.9.05

GUFFESONGAR

eg takkar alle som har sendt inn framlegg til guffesongar. eg valde ut dei ni med flest røyster, og sette dei saman i eit høveleg songhefte. det vart diverre ikkje plass til "tille, talle, tulle", som besten har skrive. mor mi insisterte på at det ikkje passar å syngja "det lyser i stille guffar" i ein barnedåp, slik at den songen fekk ikkje vera med, sjølv om han fekk uhorveleg med røyster. det vart i staden plass til tekstar av nokre av dei største trea i den nynorske skogen, og til og med ein lite kjend guffesong av astrid lindgren. eg visste ikkje at guffinga hadde spreidd seg til utlandet.

kva songar som kom med i heftet vert fyrst kjend under smørgåsbordet etter døypinga, men eg kan vel alt no røpa titlane på dei fem songane som fekk flest røyster av dei som ikkje kom med: "fola, fola guffen", "guff signe vårt dyre fedreland", "hun er forelska i guffen", "lys, varme og guffen" og "seargant pepper's lonely hearts club guff".

3 kommentarer:

Anonym sa...

Til lukke med dåpsdagen! Helsing med
Blix-salmen for dagen.

Anonym sa...

til lukke med dagen frå trøndelagen!8tambarholt,1.og2.etg)
og tusen takk for bilda!

Anonym sa...

kjære kjære guffen.
gratulere med vel overstått dåpsdag. blei det mykje guffing då??
Snakkes, frå tante Kristi