3.10.05

HÅRVASK

heime hjå oss har me gode vaskerutinar. mor mi vaskar håret sitt fire gonger kvar dag, eg får ei totalreingjering annakvar dag, far min dusjar ein gong i veka (oftast rett før han skal spela fotball), me vaskar opp kvar gong det er slutt på reine gryter, og golvet vert vaska ein gong i året. i helga fekk desse rutinane seg ein lei knekk, då eg midt på sundag fekk vaska håret, og berre håret, av ein mann i kvit kjole. 154 personar hadde betalt for å sjå på.

etterpå køyrde me heim til besten for ein klassisk vestnorsk triathlon: eting av smørgåsbord, synging av guffesongar, og speling av kortskalle. besto vann alle klassane suverent.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Fleire av deltakarne på festen diskuterte at det var visse manglar i kyrkja. Dukar hang med baksida fram, dei hang skeivt og reprasjonarbeidet på døypefonten var ikkje malt i same farge som resten av fonten. Det var faktisk ikkje malt i det heile. To av deltakarane i dette ordskiftet kan med rette kallast besto. Då eg freista å påpeika at dei heller kunne følgd litt meir med på kva prosten sa, svara dei ikkje. Så eg lurer på om du kunne gje eit lite riss av kva det var prosten snakka om. Og om du kunne nett sjekke om dei har ordna det der i kyrkja.

guffen sa...

eg fekk ikkje med meg dette ordskiftet. eg var travelt oppteken med å eta sjokoladekake, og å finna ut kva kyrkjetenaren hadde drive med så langt i livet. han var russ i 1991.

Anonym sa...

Kortskallinga skjedde vel strengt tatt dagen før.

guffen sa...

eh... sa eg at kyrkjetenaren var russ i 1991?