24.10.05

TRONDHEIM, DAG 5

endeleg på veg heim att. det skjer ikkje så veldig mykje i sofaen heime, men det er likevel hakket betre enn å jogga frå butikk til butikk. i dag køyrde me frå trondheim relativt tidleg. eg hadde von om å snakka med skilpaddo og pinglan før dagen var omme, men det viste seg at mor og besto nett skulle innom nokre cubusar på vegen. me må difor overnatta i en bondes hytte, og kjem ikkje heim før i morgon.

det reknar eg med at far min er glad for. då me reiste for nokre dagar sidan var det få reine gryter, så det er på tide mor mi kjem heim for å ta oppvaksen.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hallais Guffen! Torbjørn her.
Du er ute og fartar du også, skjønar eg. Har sjølv måtte lide meg gjennom ca. 6128 km i løpet av den siste månaden. Baklengs!! Vurderer faktisk å gje memoarane mine denne tittelen; Baklengs gjennom Europa.
Vi snakkast!

guffen sa...

har du nokre gode reisetips for dritungar på ferie i europa? send dei til meg, og ikkje til mor mi.