17.11.05

JOLEGÅVER

far min er for tida travelt oppteken med å kjøpa alle bøker i verda. difor treng me meir plass i bokhyllene, og har sortert ut nokre dublettar som me gjev vekk til dei som vil ha dei:

joseph heller: catch 22, 1994
sist gong far min var i london avslutta han med ein runde innom dei største bokhandlarane i byen. attende på hotellrommet viste det seg at han hadde kjøpt to utgåver av denne boka, på under ein time. boka er på engelsk.
ragnar hovland: under snøen, 1983
ei bok mor mi stal med seg frå ålesund kretsfengsel. NB! boka er på nynorsk!
henrik ibsen: samlede digterverker I-V, 1930
ser du etter ei samla utgåve av verka til ibsen? då er denne perfekt for deg. i alle fall dersom du ikkje tek det så tungt at band VI manglar.
erlend loe: doppler, 2004
far min trur framleis at dette er ei bok av erling lae, og vil difor ikkje ha ho i hyllene sine.
til fots i norge, 2000
denne fekk me hjå to galne austerrikar som var innom for nokre år sidan. far min har laga ein interessant powerpoint-presentasjon til minne om den vitjinga. eg skulle gjerne lagt han ut her, men han forsvann saman med ein berbar pc tante I fekk ein gong.
tor ulven: prosa i samling, 2001
kjøpt av far min. då han kom heim viste det seg at han hadde alle tekstane i andre bøker.

sånn. fyrstemann til mølla osb.

10 kommentarer:

Anonym sa...

Hovland.

Ragnhild Bjorge sa...

Eg har eit stort hol i ålmendanninga mi, nemleg Ibsen (og resten av riksmålsforfattarane, so eg seier tusen takk om du vil hjelpa meg der, Guffen!

Anonym sa...

Hei Guffen, he du framleis dinnja rosa boka? Ekje så nøye med innhaldet, nemleg. Eg likar berre å bla.
Men vil du ve me og sigle på akebrett? Skal nemleg til Ørsta i jula. Kanskje vi rekk einnj tur i lag?

Tobbis

guffen sa...

eg er invitert på jolemiddag hjå besto, med nugatti på menyen. nokre dagar seinare kan me godt aka til me stuper. akkurat no vil det seia to sekund, men det kan henda at det går framover med koordineringa.

Anonym sa...

Æsj, eg var for sein. No har eg nett skrive ein lang komentar om korleis det skulle redde både jula og det komande året at eg skulle få kloa i ei Hovlandboke eg ikkje har, før eg såg at det alt hadde komt inn ei tinging. Og så måtte eg slette alt. Opp som ei løve og ned som ein skinnfell! -Busa-

Anonym sa...

Det eg ikkje heilt skjøner, og eg har vore heime hje deg og forldra dine, er korleis denne lista berre hadde seks bøker eller noko. No er jo heimen din prega av ein orden som eg ikkje har sett hjå så veldig mange andre, men berre seks bøker? Eg kan finne fram femti om du vil. Og då har eg enno ikkje rekna med Samlags-kassene.

Anonym sa...

Og kvifor smiler ikkje far din på Aasenbiletet på den rosa bloggen? Er han på veg vekk? Er han liksom blitt sjef og difor må heve seg over dei andre?

guffen sa...

han er på veg vekk. langt vekk.

Anonym sa...

"kukola said...

Og kvifor smiler ikkje far din på Aasenbiletet på den rosa bloggen? Er han på veg vekk? Er han liksom blitt sjef og difor må heve seg over dei andre?"

Kanskje dei andre ikkje er avhaldsmenn og heilt edru når dei er på jobb?

guffen sa...

eg trur den eigentlege grunnen til at dei andre smiler er at far min drog ein knakande god vits om sprellande pylser.