26.11.05

DRØYMELAG

eg les i avisa at george best, fotballspelaren som fekk debut-plata til the wedding present oppkalla etter seg, sette opp eit drøymelag rett før han døydde. då kan det passa å henta fram drøymelaget til mor mi. ho valde å bruka ein relativt sjeldan 4-4-3-formasjon.

målmann: erik thorstvedt
høgreback: øyvind storflor
midtstoppar: tony adams
midtstoppar: franz beckenbauer
venstreback: pele
høgre midtbane: diego maradona
sentral midtbane: patrick vieira
sentral midtbane: besiktas
venstre midtbane: zinedine zidane
høgre ving: dan eggen
midtspiss: ronaldinho
venstre ving: gabriel batistuta

3 kommentarer:

Anonym sa...

Kjekt å sjå at du allereide kan lesa, og det før du fyller eitt år. Men at både Alan Clarke, Billy Bremner og Phil Neal ikkje er med, er sjølvsagt overraskande.

Lasn

guffen sa...

du må hugsa på at mor mi vaks opp så langt ute på landet at dei ikkje eingong hadde radio. den ekstreme fotballinteressa hennar er altså av nyare dato, og kan truleg sporast attende til tidleg i 90-åra. då reiste ho til london for å sjå øyvind leonhardsen spela for wimbledon mot eit lag i stripete drakter.

Anonym sa...

Du må fortelja henne om Billy Bonds.