22.8.06

MUSIKK

resten av veka skal me gjennomføra eit spanande eksperiment. mor mi og alle kollegaene hennar i nynorskverda skal på aha-konsert i ålesund på fredag, og ho har invitert med seg far min. sjølv skjønar eg ikkje heilt kva aha har med nynorsk å gjera, men mor mi seier at dei er dei fyrste som har toppa listene i amerika med ein nynorsk slager, "taka on me". eg innvender at ordet "onn" er stava feil, men mor mi meiner at når minst helvta av orda er stava rett, kan det godkjennast som nynorsk. ho burde vita kva ho snakkar om, ho hadde jo ein morten harket-periode på gymnaset, der ho kledde seg i vide ullgenserar medan ho såg mystisk inn i bakgrunnen.

medan mor mi og kollegane hennar og far min er i ålesund, skal eg vera hjå besten og besto på nordmøre. eg og far min dreg dit i morgon, slik at eg får akklimatisert meg litt. som dei fleste veit, ser besto på vedomnen som eit instrument. ho spelar på han som var han ein stradivarius, får fram ein del nyskapande lydar, ein del sveitteperler, og brystkassa til besten.

apropos musikk - eg tek til å verta lei dei songane far min og mor mi syng for meg om kvelden, og elles når dei vonar at eg treng ein liten lur. det går stort sett i "balladen om morgan kane", "lys og varme", og ein a capella versjon av "white christmas", i tillegg til sporadiske djupdykk i songboka mi. har nokon framlegg til songar som kan avløysa desse?

4 kommentarer:

Mari sa...

Min favoritt i barndomen gjekk slik:
Sulla meg litt, du mamma mi
Skal du få snor i trøya di
Vil du ha gule, vil du ha blå?
Vil du ha dei med sylvknappar på?
Du mamma mi, i trøya di.

Bror min derimot, han likte best "So ro lillemann" frå Hakkebakkeskogen.

Likar du dei rolege, fine klassikarane? I so fall er "Den fyrste song" eller "Fager kveldsol smiler". Men det kjem sjølvsagt an på kulturarven til mor og far også.

guffen sa...

den einaste songen som er i samsvar med kulturarven til foreldra mine er "har dere mere potetgull?".

Anonym sa...

1 Manhatten skyline i nynorsk a capella. Kan hende Volda by night kan vere ei god omsetjing. Men det må vera i bundad, slik at du og andre som måtte høyre på skjønar at foreldra dine tek den nynorske identiteten alvorleg. Harket, som du veit, har jo og dukka opp i bunad.
2 Sjølv har eg gode erfaringar med å syngje Turboneger sin Randevous with anus for sønene mine, men då treng ein litt komp.

Anonym sa...

Cool

(Steel/Dangerfield - Ingebrigtsen/Flakne)

C Am

Ingen venner ringer'æ på telefon
C
Det e'kke rart de kaller deg
Am
en sky person
F
Du sitter bare der og digger'æ sjæl
Dm
Du synes jo at hele verden er fæl

Ref:
Du kalles
C -Am
Cool - du tar det helt med ro
C -Am
Cool - du sier aldri no'
C -Am G
Cool - du føler deg altfor go'


C
Du vet de sier mange rare ting om
-Am
deg
C
men du tar det cool't selv om det
- Am
er litt leit
F
Jeg lurer på om du har satt deg et

mål
Dm
Det virker som du er laget av stål


Refr:
Du kalles
C -Am
Cool - du tar det helt med ro
C -Am
Cool - du sier aldri no'
C -Am G
Cool - du føler deg altfor go'



Stikk:
B
Du vrir deg
F C G
i krampe - oh - oh - oh - oh
B F G
Du kjemper for å komme løs

C -Am
Ingen venner ringer deg på telefon
C
Det er'kke rart de kaller deg
-Am
en sky person
F
Fortell meg hva det er som
gjør deg så hard
Dm
Gi meg et lite vink -
gi meg et svar

Ref:
Du kalles
C -Am
Cool - du tar det helt med ro
C -Am
Cool - du sier aldri no'
C -Am G
Cool - du føler deg altfor go'