27.9.06

BLINK

no har far min vore ute og sprella med termosen igjen. han har omsider funne ut kvar målet står, og såvidt eg kunne sjå tok det berre to-tre sekund før han hadde blinken i sikte og fyrte laus. og ikkje nok med at han trefte den blinken - termin er fastsett til 24. mars, same dag besten fyller 65 år. sidan det alt er klart at det vert ein gut, er det vel ikkje anna råd enn å kalla han opp etter besten, slik at han får namnet jon.

2 kommentarer:

Ragnhild Bjorge sa...

Til lukke! No får du snart nokon som er mindre enn deg å terga på, Guffen. Det vert kjekt!

Alfred sa...

er ikkje det bilte av ein kalv?