5.9.06

NOKAS

huff og huff. no er det heile i gang igjen. det er sett av syttifire veker til anking av nokasranet, og samtlege av desse vekene kjem aviser og nettaviser og fjernsyn til å gå rundt og tru at andre enn familien til han som vart skoten har interesse av denne saka. til alt hell døydde det ein heilt ukjend krokodillemann i australia i går, slik at nettavisene fekk noko anna å skriva om.

hadde endå nokas-advokatane hatt innsikt nok til å sprita opp avhøyra med spørsmåla alle vil ha svar på, kunne det vorte litt interessant. no får me aldri vita kva klengenamn david toska hadde på barneskulen - kalla dei han meisterhjernen alt då, eller gjekk dei for eit meir openbert? og kva er det tullet med at han eine stavar mellomnamnet sitt med ch - alrich?

2 kommentarer:

Anonym sa...

Det er ålment kjend at far din skreiv seg Eirich då han gjekk på Voss landsgymnas.

guffen sa...

det er vel òg ålment kjent at han på gymnaset fekk eit klengenamn som minner om etternamnet til david toska. det var difor han skifta namn etter gymnaset.