18.12.06

NYTTÅR

no er eg nett like vis. på babybadinga i dag sa eg "godt nyttår" til alle dei andre, sidan det er omtrent på dagen ei veke sidan me høgtida jol hjå besten og besto. dei andre lurte på kva eg snakka om, og sa at det er ikkje jol før om ei veke. eg anar ikkje kven som lurer meg her, om det er dei andre dritungane, eller om det er foreldra mine. det ville vera merkeleg dersom det var foreldra mine, sidan dei ikkje har for vane å fara med narr, men ein veit jo aldri. men eg ser likevel at det kan verta ein ekstra jolekveld dette året, og er difor glad for at eg ikkje bur midt i svingen - då hadde eg sikkert fått klengenamnet "to jol i svingen".

då støvet hadde lagt seg etter dette ordskiftet, spurde ein av dei andre kva slags jolekalender eg har. eg anar ikkje kva det er for noko, sa eg, og dei andre ungane lo så mykje at badevakta måtte blinka med takljoset. ein av dei andre forklarde detaljert kva jolekalender er for noko, og eg sit igjen med ei kjensle av at foreldra mine let meg gå for lut og kaldt vatn. i alle fall far min - mor mi er, til liks med alle andre framståande gravide, framleis oppteken med å herpa så mykje som råd, og ho har den siste månaden gått effektivt til verks. fyrst punkterte ho to av dei beste dekka på bilen. deretter prøvde ho ut om det verkeleg er sant at vaskemaskindøra ikkje kan opnast før nokre minutt etter at vaskinga er ferdig, noko som viste seg å vera korrekt. i dag herpa ho like godt heile garasjedøra til husvertane. flaks for alle andre at det er far min som har ansvar for jolegåveinnkjøpinga.

2 kommentarer:

klingklang sa...

La no ho mor få fred. Det er ho som sørgjer for at du har til sirup på skiva og salt i grauten.
God jol!

OnklT sa...

Informasjonen i dette innlegget kunne vore av nytte før eg var ferdig med jolegåvehandlinga.