17.12.06

JOLEPOSTKASSE #6

no tenner me endå eit ljos,
det er vel nummer seks?
haugen med oppbrende ljos,
han berre veks og veks.

eg veit at eg ofte har brukt omgrepet "retteleg godbit" om postkassekandidatar, men sjeldan har eit slikt omgrep passa betre enn i dag. eigarane av denne jolepostkassa har truleg avfotografert sitt eige jolehus, og i adventstida klistrar dei dette biletet opp på postkassa, slik at postmannen vert i godlune kvar gong han syklar forbi.

kampen om å vinna kåringa av jolepostkassa er framleis jamn, og me minner om at fristen for å røysta ikkje går ut før om mange dagar. maks 10000 poeng, minimum 1 poeng, og vinnar er den jolepostkassa med høgast snittskår.

stillinga så langt:

postkasse #2: 8000
postkasse #1: -
postkasse #3: -

postkasse #4: -
postkasse #5: -

2 kommentarer:

Frode sa...

Har far fin bakt noko anna enn smultringar til jol?

Guffen sa...

"far fin"? det kan ikkje vera far min du snakkar om - han har så mykje fjon i ansiktet at "fin" ikkje er eit dekkjande ord.