2.12.06

JOLEFØREBUINGAR

biletet over, som er frå den årlege joleverkstaden på skaugum, viser tydeleg at me er på veg inn i ein krevjande del av året. sjølv har eg avbegrensa jolerøynsle, men eg ser likevel ein del trekk med joleførebuingane som gjer meg skeptisk til heile greia.

for det fyrste er det fyrst denne helga at folk dreg i gang jolepyntinga i hus og heim. eg har fått med meg at jola stort sett handlar om tradisjon, men når det no er vedteke at talet på adventssundagar er auka frå fire til sju, burde ikkje folk vera så opphengde i gamle dagar og halda fram som om ingenting hadde skjedd. dei einaste som har fått med seg at adventstida er utvida er dei som tek til med jolebaksten midt i november.

for det andre sender alle småbarnsfamiliar identiske jolekort. far min er friteken, både frå å skriva og å få jolekort, men mor mi er relativt aktiv på dette feltet. ho går rett nok i underskot kvart år, men det gjer visst alle andre òg. i alle fall - der ho for ti år sidan fekk eit jolekort som handla om jolekortskrivaren, får ho no eit masseprodusert kort, med bilete av ein eller fleire pre-pubertelle ungar som har kledd av seg alle kleda bortsett frå ei nissehue, og som ligg og vrir seg på eit saueskinn. på baksida står det at han eine ungen har lært å gå, han andre har lært å sykla, medan han tredje, som ikkje har lært nokon ting, satsar på eit liv som solstråle. til slutt kjem spørsmålet "hvordan går det med studiene? bor du fortsatt i oslo?"

for det tredje er det desse joleverkstadene. eg trudde fyrst at det handla om verkstad der ein kunne reparera ulike joler, men det handlar i staden om verkstader der ein førebur jol. også her skal det vera nett likt året før, og her er eg diverre nøydd til å hengja ut mor mi litegrann: sjølv om dei andre verkstaddeltakarane ikkje kjem rekande før langt ut på ettermiddagen, set mor mi på jule-cden til dde (no e dde jul igjen) alt før frukost. deretter fyller ho mange fat med valnøter, dadlar og fiken uten steinar, lagar ein bananmousse, og serverer det heile med helsefarlege mengder kakao. kva har dette med jol å gjera?

4 kommentarer:

Syver sa...

Nei, eg kan ikkje svare på alle desse spørsmåla, Guffen. Spør far din, han kan nok finne på svar.

Eg har eigne innspel.
1. Eg vil råde deg til å sjå på NRK1 i kveld. Her skal det vera eit program som handlar om å " finne din partner". Eg er veldig spent på kven som er den ideelle partnaren din. Far, Mor, vesle-Guri eller vesle-Ola?

2. Kva er ein "sprinkelbeskyttar"? Mor mi seier at eg treng sprinkelbeskyttar i den nye senga mi. Kva skal den beskytte? sprinklane mot meg? Meg mot sprinklane? eller sprinklane mot seg sjølve?

Guffen sa...

1. har ikkje det programmet gått som serie på tv2 i heile haust? mor mi har i alle fall funne ut at ho passar best saman med han gamlingen frå øyer.

2. har mor di arbeidd mykje på brannfarlege kulturinstitusjonar i storbyar? eg trur ho tenkjer på sprinkleranlegg, som oftast vert montert for å unngå pålegg frå brannmenn.

Syver sa...

Eg har fleire spørsmål:
Er det farleg for meg å ligge med ullteppet over hovudet når eg søv? Far min seier at det ikkje er noko å bry seg om, medan mama seier at det er livsfarleg. Ho er også litt bekymra over at eg er litt skeiv i bakhovudet etter fødselen. Er det normalt å vera litt skeiv?

Guffen sa...

eg trur ikkje det er farleg med ullteppe over hovudet. far min gjekk med ullteppe over hovudet heilt til han var ferdig med sjette klasse, utan å ta skade av det. at du har ein skeiv skalle er derimot uråd å retta opp. viss eg var deg, ville eg berre ha skeiva alt eg kunne, og satsa på ei karriere som sirkusartist.