24.2.07

VINTERFERIE

det var den vinterferien. eg vart parkert hjå besten og besto, medan far min var nokre dagar i sirdal. hjå besten og besto var det omtrent som i jola, dersom ein ser vekk frå at det var færre folk, færre joletre, færre jolegåver, lengre mellom måltida, og mindre kinnskjegg.

planen min var eigentleg å vera ute ein del, slik ein skal vera i vinterferien, men slik gjekk det ikkje. viktigaste grunnen var at onsdag tvinga besto meg til å sjå ei altfor lang direktesending om ein jubilerande konge. for meg, som har hatt nærkontakt med bispen, var ikkje dette noko storhending, men det tok ikkje besto omsyn til.

medan eg var på voss og far min var i sirdal, fekk mor mi ein sosial overdose. den sosiale omgangen hennar er vanlegvis relativt mild, men no var det middagar og kveldsmatar fleire gonger for dagen. typisk nok hadde ho ikkje tid til å vera heime då far min og eg kom rekande i ettermiddag. me gjekk difor for lut og kaldt vatn, medan ho var ute og kasta glans. heldigvis kom ho heim før me svalt i hel.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Ja, ja.

Eg vart målt til 104 decibel i går. 82 decibel tilsvarar lyden frå ein motorveg, 89 decibel lyden frå eit jagarfly som landar.
Imponert?

guffen sa...

nei.

men dersom det var far din som stod for målinga, vert eg imponert.

Anonym sa...

Nei, det var naboane som sto for målinga. Dei har i fleire månader klaga på levenet frå huset vårt.

guffen sa...

er dette han naboen med kveitemjølet, hjulvispen og to røyskatter?

Anonym sa...

dei har berre vanleg huskatt, elles er det korrekt. Han høyrde ikkje traktoren gjennom den 104 decibel høge Syverlyden.