11.5.07

BESTEN 8

det er nyttelaust å stikka under ein stol at responsen på 17.mai-tevlinga har vore eit stort vonbrot. eg finn ikkje anna forklaring enn at oppgåvene var for lette, men dei vart no slik dei vart.

sidan me er inne på store vonbrot, kan me like godt dra fram eit nytt bilete i kva seier besten-tevlinga. i dag var det meininga å etterlysa ein puslespelbit besten rota vekk sist helg, men besto slo på tråden i ettermiddag for å fortelja at no hadde dei funne han, og dei sender han med vanleg post så snart dei finn ein konvolutt. i det høvet passar det bra å skifta beste. kva seier han?

(dette er forresten melding nummer 400 på guffebloggen. talet på kommentarar er oppe i 573, så me ligg framleis bra an.)

5 kommentarer:

Anonym sa...

Besten seier: Kom igjen då! Eg har betalt 2000,- for den sandkassa. Ho er ikkje så stygg!
Og når er neste Solidaritetsmøte?

guffen sa...

onsdag, halv åtte.

Anonym sa...

"Tek kvar og ein sin vesle stein, er snart vår åker rein."

Anonym sa...

Besten seier: Liten Guff kan velte stor puff

Anonym sa...

Besten seier: "Det er godt å sjå at du føretrekk plastleiker i Senterparti-fargen".