13.5.07

TEVLING 2

engelsk-kunnskapane til dei som les guffebloggen må vera langt under snittet. her legg eg ut engelske omsetjingar av verseliner frå songar alle kan, men ingen har så langt kome fram til korkje song eller diktar. på hovudmål inneheld alle verselinene ordet noreg. etter fyrste runde er såleis stillinga denne:

1. sjur mossige, 63 poeng

det vert kanskje enklare å kjenna att desse songane når me no presenterer sidemålsversjonane av dei. også denne gongen har far min gjeve meg ei hjelpande hand med omsetjingane:
1. norge fikk se noen fremmede folk.
2. norge var så søvnige at de trettet.
3. der lå norge, med bind for øynene, og med en solid kvast halm i ørene.
4. norge så ikke annen råd enn å hvile øynene litt.

premien er framleis frisk og fin. i'm forever blowing bubbles, forresten.

7 kommentarer:

Anonym sa...

Sjur Mossige
P A Munchs v 4 A ETG 2 LEI
0870 Oslo

Anonym sa...

1. Ivar Aasen
2. Ivar Aasen
3. Ivar Aasen
4. Ivar Aasen

guffen sa...

ein rett og tre feil. men taktikken er interessant - held du fram slik vil du etter kvart få fleire rette.

dei tre feila dreg totalskåren såpass langt ned at sjur mossige framleis er i teten.

Anonym sa...

1. Per Sivle
2. Per Sivle
3. Per Sivle
4. Ivar Aasen

guffen sa...

to rette og seks feil så langt.

Anonym sa...

Per Sivle
Per Sivle
Ivar Aasen
Per Sivle

guffen sa...

hadde eg visst at du var så interessert i guffe-mix, skulle eg kjøpt ein ekstra pose.

totalt har du no fire rette og åtte feil, når det gjeld diktarnamn. etter det eg kan sjå har du ingen rette songtitlar.