16.5.07

TEVLING 3

i dag viste det seg at me har teke feil. heilt sidan 9. april, då toen vart fødd, har me trudd at han var ein gut. i dag var me innom på helsestasjonen for å kontrollera litt. ein må nesten gå ut frå at barnedokteren veit kva ho snakkar om, og sidan ho konsekvent omtalte toen som "ho", også etter at ho hadde rive av han bleia for å sjekka om urinblæra heldt på å renna over, må me nesten gå ut frå at toen er ei jente. inntil foreldra mine får dikta opp eit høveleg namn, vert ho difor omtalt som too. urinblæra rann over, forresten, og vel så det.

mor mi har tørna galen, og har funne ut at eg skal vera med i hovudprosesjonen i morgon. eg og far min fortvilar, sjølvsagt, sidan me har brukt mykje tid på å finna ut korleis me skal gjera minst mogeleg i morgon. eg er rimeleg misnøgd med at no er det far min og too som får slappa av, medan eg må gå rundt og feira kongar og krigssiglarar og vifta med flagg og eta varme pylser.

ein lei konsekvens av alt dette er at eg ikkje ser anna råd enn å leggja ut dei fire verselinene på hovudmål no i kveld. så langt er eg litt usikker på kven som har teten - onklt har fire rette svar så langt, men har òg åtte galne svar, og det i runde to. sjur mossige har fire galne svar, men det var i runde ein, så eg trur me seier at det så langt er relativt jamt mellom dei to.

her kjem oppgåvene på hovudmål:
1. og noreg ukjende folk fekk sjå
2. og noreg sliten trøytnar av
3. noreg låg som blind og dauv
4. noreg fær auga kvila

lukke til. fristen går ut om ikkje altfor lenge, så det er ingen grunn til å brenna inne med rette eller galne svar.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Sidan eg likevel er oppe til seint på natt og stryk bunadsskjorter, bør eg vel vere med i tevlinga, no slik heilt på tampen. Her er mine framlegg:

1. Aasen: Godnattsong til Guffen
2. Sivle: Godnattsong
3. Vinje: Godnattsong til Guffen
4. Sivle: Godnattsong

Anonym sa...

Eller som vi andre seier:
1. Gamle Grendi (I.Aasen)
2. Den fyrste song (P.Sivle)
3. Leitande etter Blåmann (A.O.Vinje)
4. Den fyrste song (P.Sivle)

Veit at det er lett å seie i etterkant, no som det er 18.mai og alt. Men læll.

guffen sa...

alt rett - bra til å vera deg. det einaste som kan hindra at du stikk av med fyrstepremien, er at anten onklt eller sjur mossige leverer korrekte svar før fristen er ute.

Anonym sa...

1. norway discovered some strangers
Frp

2. a worn-out norway fell asleep
Thor Hushovd

3. norway lay there, with a scarf before her eyes, and a huge amount of cotton in her ears
Legevakta i Oslo (litt usikker her)

4. norway rests her eye-sight
Jotunheimen

guffen sa...

det spissar seg til i toppen, og etter at steinar brattenborg slo seksten fluer i ein smikk (åtte på tevling 1, åtte på tevling 3), kan me vel alle vera samde om at han vert vanskeleg å slå.