3.7.07

IDIOTSKADER

far min er, som mange veit, relativt flink til å dra på seg idiotskader. så langt har det vore ålmenn semje om at desse skadene har toppa lista:

1. ein gong han var einmanns-sekretariat under ein eindags-tikamp, enda det heile med at han reiv av nokre muskelfibrar i ankelen.
2. då han budde i det nest kaldaste husveret i bergen tok han av og til med seg ei varmeflaske i senga. ei natt brende han seg så kraftig på denne varmeflaska at han ikkje fekk på seg sko dagen etter, men måtte sitja heime og vita si arme råd.
3. då han ville dobbelsjekka at klosettskåla til jørgen verkeleg var knust, stakk han nokre fingrar nedi, og skar vekk så mykje hud at han måtte på hospitalet for å sy.

det har vore stille på idiotskadefronten dei siste åra, men i dag var han endeleg tilbake i toppform. han kom seg trygt inn på sjukehusrommet sitt for å ordna den frakterte rupturen, og fekk melding om å vaska kneet godt, og å barbera vekk hårtustane i nabolaget. skogen er ikkje spesielt tett i det området heller, men han kom likevel i skade for å skjera seg til blods ein tre-fire stader. kirurgen meinte at dette gjorde inngrepet litt risikabelt, sidan det ikkje var måte på kor mange infeksjonar dette opna opp for, og operasjonen vart utsett til far min har lært seg litt meir om barbering.

2 kommentarer:

kukola sa...

Kunne du be han idiotfaren din leggje ut ein detaljert plan for badehelga? Det er strid om kor vidt sjølve badinga er på laurdag eller sundag. Fint om det er spesifisert ned til minutt.

guffen sa...

han eine som har meldt seg på, altså onklt, har fått den informasjonen han treng.