16.7.07

ØVERÅS

ferien er i gang. far min har pressa eit lass med rekvisita inn i bilen, og me køyrer inn og ut av dei fleste fjordarmane på sunnmøre. me overnatta i valldal, mellom anna av di me ville prøva ut jordbæra. dei var dårlege. me budde på hotell fjellro, som bør få prisen for minst passande namn. ikkje var det hotellstandard, ikkje var det på fjellet, og ikkje var det ro. det siste kan eg ta litt av skulda for, eg nytta høvet til å setja den største slageren til aslaug låstad lygre, den som handlar om manglande soving i sumarnatta, ut i praksis. foreldra mine meinte at dette burde venta til ei anna natt.

valldal er forresten eit kulturelt mekka på indre sunnmøre. berre denne sommaren har dei konsertar med til dømes smokie, han såkalla kviss-masteren, og vassendgutane. i tillegg hadde hotellet me budde på hyrt inn ein sytti år gamal entertainar, som sette huset på hovudet.

frå valldal køyrde me direkte til øverås, der me tok inn hjå ein luring som knapt visste si arme råd. me kan ferie.

4 kommentarer:

frode sa...

ferie? de skal vel ikkje innom han ubrukelege onnkelen? Kom heller ein tur til vvv - vakre, varierte valdres. ta med gummistøvlar.

Agnes sa...

Valdres? Vittigt. Frodigare og finare i frukt- og fotballbygda ... Kan tom love leikekompis som kan å gå i stølvane sine.

guffen sa...

eg er litt skeptisk til folk som går i stølvar, men det er vel betre enn å vitja folk som ikkje vil ha vitjing.

frode sa...

ja, det var sant. vi er på stølen den dagen far din kjem. berre ta til venstre etter tunellen.