29.7.07

BESTEN 13

dofestveka er over, før eg fekk sukk for meg. det var store dagar, der ein verkeleg fekk friska opp den gode samtalen. fredag var det ei sterk og verdig opningshøgtid, med mykje song og gaman. laurdag vart programmet diverre litt hemma av til dels store nedbørsmengder, men festframsyninga på kveldstid redda mykje av æra. sundag vart ein dag til ettertanke.

apropos ettertanke - det er som vanleg på tide med eit nytt bestenbilete. eg ser ingen grunn til å variera spørsmåla, og spør som vanleg: kva seier besten?

25.7.07

MONARKI

til liks med dei fleste andre har eg vore til dels ekstremt lunken til alt som har med kongar å gjera. likevel merkar eg at ting endrar seg, og kongehuset har no fleire sterke kort på handa, og viss ho gamle dama i brasil, sven o., og ho prinsessa som kommuniserer med englar møter opp samstundes, vert det vanskeleg å finna gode argument mot monarkiet.

22.7.07

SJØHOLT

på veg sørover frå molde stoppa me på sjøholt. me gjekk ned til kysten, der eg kasta store mengder småstein i havet. eg var ikkje eingong halvferdig då far min sa at no måtte me køyra vidare. me kan ferie.

20.7.07

LOKALNYTT 6

frå øverås gjekk vegen vidare til b-fjorden, der me no har vore fire-fem dagar. kvar dag er som vanleg kliss lik - ei lang rekkje av måltid som berre vert avbroten av a) at kyrne skal ut, og b) kyrne skal inn. unntaket var den dagen me fylte opp nokre bilar og køyrde til molde, slik at besten kunne få høyra litt jazz. medan han fekk jazzfot på ein benk i gågata, kjøpte besto ei heliumballong. så køyrde me heim for å sleppa kyrne inn. me kan ferie.

sidan me var innom i molde, kan det passa med litt lokalnytt:

Rune Sæter skulle på bilferie til Møre og Romsdal, i sin Porsche. Dermed inviterte han hele Porscheklubben på Vestlandstur. På veg til Molde stoppet de ved Åndalsnes for å besøke garasjen til PCN-medlem Knut Tore Sylte, der de grillet og drakk brus. I Molde ble alle Porschene parkert ved Molde brannstasjon.
(Romsdals Budstikke, 18.7.2007)

16.7.07

ØVERÅS

ferien er i gang. far min har pressa eit lass med rekvisita inn i bilen, og me køyrer inn og ut av dei fleste fjordarmane på sunnmøre. me overnatta i valldal, mellom anna av di me ville prøva ut jordbæra. dei var dårlege. me budde på hotell fjellro, som bør få prisen for minst passande namn. ikkje var det hotellstandard, ikkje var det på fjellet, og ikkje var det ro. det siste kan eg ta litt av skulda for, eg nytta høvet til å setja den største slageren til aslaug låstad lygre, den som handlar om manglande soving i sumarnatta, ut i praksis. foreldra mine meinte at dette burde venta til ei anna natt.

valldal er forresten eit kulturelt mekka på indre sunnmøre. berre denne sommaren har dei konsertar med til dømes smokie, han såkalla kviss-masteren, og vassendgutane. i tillegg hadde hotellet me budde på hyrt inn ein sytti år gamal entertainar, som sette huset på hovudet.

frå valldal køyrde me direkte til øverås, der me tok inn hjå ein luring som knapt visste si arme råd. me kan ferie.

12.7.07

GODTING

slik skikken er på sommaren, har det vore mindre blogging enn vanleg. den siste veka har vore travel, sidan mor mi og halv treo var nokre dagar i oslo. eg måtte passa på far min, som tok sjukehusavslaget tungt. tek ein hardt i, kan ein seia at humøret hans er stigande, men eg har ingen interesse av å ta hardt i. det får andre gjera.

eg derimot, går rundt og godtar meg. slik dei fleste hugsar, greidde west ham å juksa seg unna nedrykk. eg har ikkje gjort så stort nummer av dette så langt, men då eg kom over denne filmen på nettet, kom godtegleda tilbake. filmen viser nokre sheffield united-tilhengarar, som brått oppdagar at det er dei som rykkjer ned, og ikkje west ham. desse tilhengarane er tyske, men filmen er teksta på engelsk, slik at dei fleste nok får med seg kva som skjer. godting, godting, godting.

på laurdag reiser me på ferie, viss mor mi får gjort ferdig produksjonsplanen.

6.7.07

KOHT

no er det hakket for varmt. det er ikkje berre far min og eg som sveittar, i dag såg me til og med at ho eine boblisdama hadde kasta boblejakka si. far min og eg ligg sjølvsagt ikkje på latsida berre av di det er varmt, me står på som om alt var ved det same gamle. det er det jo òg, bortsett frå at mor mi og fem på halv treo er nokre dagar i oslo.

far min og eg har i dag høgtida at det er 134 år sidan halvdan koht vart fødd. me åt halvkokt pasta, og litt karamellis, og heldt gode talar om bussar og lastebilar. lengre kunne me ikkje gå i kveld, sidan det er ein ny stor dag i morgon - då er det akkurat to år sidan guffebloggen dukka opp. nokon meiner sikkert at det må vera langt meir enn to år, men hugs at tida går fort i godt lag.

3.7.07

IDIOTSKADER

far min er, som mange veit, relativt flink til å dra på seg idiotskader. så langt har det vore ålmenn semje om at desse skadene har toppa lista:

1. ein gong han var einmanns-sekretariat under ein eindags-tikamp, enda det heile med at han reiv av nokre muskelfibrar i ankelen.
2. då han budde i det nest kaldaste husveret i bergen tok han av og til med seg ei varmeflaske i senga. ei natt brende han seg så kraftig på denne varmeflaska at han ikkje fekk på seg sko dagen etter, men måtte sitja heime og vita si arme råd.
3. då han ville dobbelsjekka at klosettskåla til jørgen verkeleg var knust, stakk han nokre fingrar nedi, og skar vekk så mykje hud at han måtte på hospitalet for å sy.

det har vore stille på idiotskadefronten dei siste åra, men i dag var han endeleg tilbake i toppform. han kom seg trygt inn på sjukehusrommet sitt for å ordna den frakterte rupturen, og fekk melding om å vaska kneet godt, og å barbera vekk hårtustane i nabolaget. skogen er ikkje spesielt tett i det området heller, men han kom likevel i skade for å skjera seg til blods ein tre-fire stader. kirurgen meinte at dette gjorde inngrepet litt risikabelt, sidan det ikkje var måte på kor mange infeksjonar dette opna opp for, og operasjonen vart utsett til far min har lært seg litt meir om barbering.

2.7.07

BESTEN 12

det er vel travle dagar når våren kjem her nord. mor mi og ti på halv treo pakkar og pakkar før oslo-ferien, medan far min handlar inn ulike medisinar og andre hjelpemiddel. sjølv går eg rundt i kortbuksa mi, og lengtar etter litt av kvart.

i slike situasjonar er det berre ein ting å gjera: leggja ut eit nytt bilete av han besten som ikkje får så god respons, og leggja til det vanlege spørsmålet: kva seier besten?