1.3.08

MARSIPAN

folk er rare. kvart einaste år får folk dillo når dei ser jolemarsipan i butikkane alt i oktober, men ingen reagerer når dei ser påskemarsipan i butikkane i februar, over eit halvt år tidlegare. kva dette kjem av er ikkje godt å vita, men det er i alle fall sikkert at mor mi er glad for at det er slik. når butikkane omsider går tomme for sterkt rabattert jolemarsipan, kjem påskemarsipanen. denne er heilt identisk, om ein då ser vekk frå at emballasjen har ei litt meir påskerelatert utforming.

mor mi har det travelt for tida, sidan ho sjølvsagt ynskjer å finna ut om påskemarsipanen har same kvalitet som i fjor. ho har difor kjøpt inn ein av kvar, og utover kveldane gumlar ho på kolibriegg, påskemarsipan, marsipanegg, marsipanpølser og det som verre er, og for å gjera det heile komplett varierer ho med påskesjokolade og påskeseigmenn. ho må difor reknast som ein av dei store påskemarsipankjennarane på nordvestlandet, og for å gjera livet enklare for kvar og ein, stiller ho til nettmøte om påskedigg torsdag 13. mars, litt utpå kvelden. send gjerne inn spørsmål alt no.

12 kommentarer:

Anonym sa...

Eg har berre eit spørsmål:
Korleis er bryllaupsmarsipanen i år?

Anonym sa...

Eg har eitt spørsmål til:
Frå kva ende er det best å byrja å eta påskeegget; den spisse eller den butte?

Anonym sa...

Etter nærare omtanke, noko som vel framleis er lov, synest eg ikkje kukola skal skrive innlegg i namnet åt Frode med skrivefeil. For ein type, og han skal vera redaktør? Hmmm... Men gift skal han bli.

Anonym sa...

Eg elskar marsipan!

Anonym sa...

Kvifor finst ikkje jolemarsipanen som joleegg?

Anonym sa...

Går det an å koke påskeegg saman med vanlege egg? Bør ein i tilfelle bruke egg frå frittgåande høner?

Anonym sa...

Bør ein påskemala marsipanegg?

Anonym sa...

Kan ein dele opp ordet mars-i-pan og likevel skjøne kva det er Frode eigentleg snakkar om?

guffen sa...

kan ein skjøna kva frode eigentleg snakkar om?

Anonym sa...

Det er vel ikkje så vanskeleg.

Anonym sa...

Du voks jo opp i ein familie med notoriske marsipanhatarar. Korleis har det seg at du er så glad i marsipan no?

Anonym sa...

Korleis verkar prismekanismen inn på marsipanprisane?