3.4.08

ENDRING

foreldra mine har lagt seg på ei ny line for tida. tidlegare delte dei alle oppgåver femti-femti, eller i alle fall førti-førti. men etter det fatale telemarksnedslaget til far min tidleg i mars har han vorte endå meir redusert, slik at arbeidsdelinga no er rundt sytti-null, i mor mi sin favør. far min lever glade dagar, og les gamle målbøker, medan mor mi skutar til og frå. eg og halv femmo gjer sjølvsagt ikkje ein drit.

av anna nytt er det lite melda, bortsett frå at begge foreldra mine er inviterte til ein kongemiddag i slutten av månaden. og at eg endeleg har perfeksjonert kunstforma "drita i buksa ti sekund før me kjem inn i barnehagen om morgonen".

4 kommentarer:

Anonym sa...

Er det ein sein aprilspøk at far din nokon gong har arbeidd 40% med noko?

guffen sa...

nei. tvert imot.

Anonym sa...

Hæ? Er det ein 40% spøk at far din har arbeidd seint i april? Kva tyder det?

guffen sa...

kva tyder kva? spørsmålet ditt?