11.4.08

OPERA

no går avisene i fistel igjen, og alle kan by på bilete frå og tankar rundt den nye operaen. for oss i gamlevegen er dette gamalt nytt, sjølvsagt, det er fleire månader sidan me gjekk gjennom det huset. me likte det me såg, spesielt far min, som jo har lagt seg på ei relativt minimalistisk line. så snart dei får litt wagner på programmet, tek me turen til oslo igjen.

far min var forresten inn på scena og song fyrste verset av "nordmannen". han gjer difor krav på å vera den einaste som har sunge dette verset både på scena til den gamle og den nye operaen. (han har i tillegg framført dette verset frå dirigentstolen i berlinfilharmonien, scena i palau i barcelona, og frå talarstolen i byrådssalen i oslo rådhus. og sjølvsagt på north bank på highbury.)

festen for fem over halv femmo i går gjekk forresten etter planen, noko som sjølvsagt var ein lei nedtur.

11 kommentarer:

Anonym sa...

Skit i operaen og finkulturen. I dag kom Norsk Tidend i postkassa att, sjølv om eg mange gonger har prøvd å seia makkverket frå meg.

Kan ikkje du skrive ei kritisk analyse av den redaksjonelle utviklinga av bladet dei siste månadene, Guffen? Det skulle vera fort gjort.

guffen sa...

det skulle vera meir tidkrevjande å skriva om den redaksjonelle utviklinga i dei månadene kukola var konstituert bladstyrar.

Anonym sa...

Det var nett denne perioden eg ville at du skrive ein kritisk analyse om.

guffen sa...

såg du illustrasjonen øvst på side 8? er det eit fotografi eller eit måleri?

Anonym sa...

skremmande at sjefsredaktøren nyttar like mykje gjeraglattkrem som dei to damene. NT burde halde seg for gode til å setja slike bilete på trykk. Kven er eigentleg bilderedaktør?

Anonym sa...

Eg reknar forresten med at alle såg festframsyninga frå den nye operaen i går. Kven er det eigentleg som er inspisient på operaen? Dette var jo eit stort kaos.

Anonym sa...

Eg kan ikkje finna nokon illustrasjon på side 8.

Anonym sa...

Eg trur det er ein nergaard som arbeider som inspisient på operaen. Han skal visst vera like glad i raudvin og potitgull som syster si. Ikkje rart det gjekk gale.

guffen sa...

neergaarden på operaen vart observert under opningsgallaen, springande gjennom vestibylen med eit brett med vin og pottittgull. eg trur såleis ikkje han kan ta ansvaret for anna enn det dårlege nivået på serveringa.

Anonym sa...

Er han degradert?

guffen sa...

hæ? det er jo ein drøymesituasjon for ein neergaard. drit i inspisieringa.