21.4.08

SOL

sola skin, veret er fint, det er turre vegar og sno i fjellet, og foreldra mine gjer alt dei kan for å halda meg innandørs. eg fekk såvidt lov til å ta ein liten tur i hagen i går, men måtte inn att etter nokre minutt. sidan skorne eg hadde på meg i fjor sommar er i minste laget, har dei kjøpt nokre nye sko no. dei er litt større, men likevel ikkje så store at eg melder meg friviljug til å ta ein tur ut.

mor mi var forresten utom døra i går, ho òg. fyrste blomen han er komen, slik at det var på tide å skifta til sommardekk. det greidde ho relativt bra, framleis er alle fire hjula og tre av hjulkapslane på plass.

3 kommentarer:

Anonym sa...

ho, ho

ho har ikkje nett gifta seg med ein handig mann.

kvinnfolk skifte dekk? nei, fyttirakkern.

og kva med mannlege førebilete?

Here ver`n.

Anonym sa...

Klarer du ikkje springa frå far din? Sit ikkje han i rullestol endå?

guffen sa...

nei, han er ute av rullestolen. men til og med dei som sit i rullestol greier å springa frå far min.