10.9.08

DÅP

ei ny helg, ein ny dåp. eg er i grunnen lei av å referera frå alle desse døypingane - har du vore i ti dåpar, har du vore i alle. det er helst liten variasjon i programmet - ein runde med lunka vatn i kyrkja, ein runde med litt delikat mat, nokre talar med høveleg innhald, og ein lang biltur heimatt. slik var det òg denne gongen, bortsett frå at maten var ekstra delikat.

8 kommentarer:

Anonym sa...

Eg trur det riktige er at har du vore i ti dåpar, har du vore i ti dåpar.

Anonym sa...

klokt sagt, frode

guffen sa...

klokt sagt til å vera frode, i alle fall. sjølv har eg vondt for å seia meg samd, sidan eg berre har vore i seks dåpar, inkludert min eigen.

Anonym sa...

Takk, frode

Anonym sa...

det var på tide at nokon sette han på plass

Anonym sa...

Frode.

Anonym sa...

Sjølv takk, anonym.

Anonym sa...

Frode er ein idiot. Er det ikkje andre stader han kan skrive til og om seg sjølv? Kan du ikkje sperre han ute? Så kan oss andre som er ærleg opptekne av postkasser og dåpar lese den oppdaterte og velvitja nettsida i fred.