24.9.08

DRAUM

i helga var eg og far min og besten på poesifestival i ulvik. eg har ikkje heilt oversikta, men eg trur det er fyrste gong tre generasjonar i denne slekta opplevde kultur samstundes, heilt sidan besto og onkel K og nokre småungar var på omvising på blåfargeverket. festivalen var på sett og vis rimeleg upraktisk, men det var greitt at alle arrangementa slutta med diktet "det er den draumen", slik at publikum visste at no var det på tide å gå ut av lokalet, venta ein halvtime, og gå inn att.

mor mi var heime, og kom over noko merkeleg i matbua. i ein blå plastboks låg det store mengder krydder, mellom anna fire pakker med ingefær. dette krydderet vert sjølvsagt ikkje rekna med i den ikkje heilt avslutta tipptevlinga.
flisespikkarar bør merka seg at ordet pakker i denne meldinga ikkje kan tyda anna enn pakker.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Eg tippar tre pakker ingefær.

Anonym sa...

Frode: eg køyrer forbi Fagernes på torsdag. Er det råd å kome forbi pg leggje ein kinaputt i postkassa?

guffen sa...

kukola: du bør vel bruka ordet 'nasjonalpostkassa'.

Anonym sa...

Køyr forbi. Ikkje stogg.

Anonym sa...

Vi sogningar konstaterer at guffen sine feminine sider kjem til syne i krydderpakkekonkurransen. Her må det votering til: Heiter det ei pakke- fleire pakker, eller ein pakke- fleire pakkar med krydder?