20.10.08

MAT

det er ikkje noko bombe at dei gastronomiske interessene er litt ujamt fordelt i hushaldet. at kosthaldet til mor mi stort sett er sett saman av raudvin og pottittgull, og at far min ikkje et mykje anna agurk og gulrøter, er gamalt nytt. det har meir for seg å drøfta kosthaldet til meg og halv sekso.

eg er, om eg kan seia det sjølv, relativt pirkete i matvegen. eg likar omtrent ingenting av det eg får servert, og vil difor av prinsipielle grunnar heller ikkje smaka på det. halv sekso, derimot, stappar i seg alt han får. medan eg ikkje kan tenkja meg noko verre enn pizza med purre, har far min problem med å få pizzaen inn i omnen* før halv sekso har plukka av og ete opp all purren.

for halv sekso er det få ting som er viktigare enn å eta. den siste veka har me kasta opp ikkje så reint lite oppkast - det har gått litt på omgang, men halv sekso var den som hadde mest moro med dette, og som difor drog oppkastperioden ut over fleire dagar. mor mi trudde han var over det verste laurdag, slik at han vart plassert ved bordet då far min serverte delvis purrefri pizza. halv sekso fyller munn og mage med pizza, men etter ei stund må han ta ein liten pause for å kasta opp det han har ete så langt. til alt hell hadde han på seg ei plastsmekke med takrenne, slik at det meste vart liggjande der. han studerte oppkastet i nokre sekund, før han heldt fram med etinga. gourmand-prisen for 2008 ser difor ut til å gå til halv sekso.

* dette er ikkje meint som ein metafor.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Dersom du ikkje kan tola pizza med purre, høyrest det ut som ei grei ordning at kvart på tolvo trykkjer den innpå før pizzaen går i omnen.

guffen sa...

ja, bortsett frå at mor mi meiner at raudvinen smakar betre viss det er ein liten purrekvast på kvart pizzastykke.

Anonym sa...

Har kvart på femmo fenge fert på Kvammo?

Anonym sa...

Er "plassert ved bordet" ein metafor?

guffen sa...

dodl: ho heiter halv sekso, så du kan heller laga eit festleg uttrykk om ungdomshallen.

kuk sa,,, u: grunnregelen på guffebloggen er at alt er metaforar, dersom ikkje anna er sagt.