3.10.08

VENEZIA

mor mi er med paa ei kulturell gruppereise til venezia. eg snakka med ho i gaar, og ho seier at det er litt krevjande. alle i gruppa oppfoerer seg som om dei er pensjonistar, og gaar rundt med trillekoffertar. i tillegg drikk dei slike enorme mengder vin at til og med mor mi maa melda pass. ho trekkjer seg difor tidleg attende til hotellrommet, der ho kosar seg skikkeleg med ein rimeleg stor pose pottittgull.

venezia er elles ein ekstremt upraktisk by. i staden for skikkelege gater har dei gravd nokre kanalar, slik at viss du skal over til andre sida av gata, maa du anten gaa ein lang omveg, eller ta baat over kanalen, eller drita i det. mor mi finn oftast ut at det siste er like greitt. at ingen i byen har raad til bil, gjer og at det er uraad aa koma seg fort fram. or ein tulleby.

8 kommentarer:

Anonym sa...

Eg tykkjer du lyt seia til mor di at ho lyt slutta aa drita i kanalane.

Anonym sa...

Kor mykje kostar ein rimeleg stor pose pottitgull i Venesia?

Anonym sa...

Fekk de styrka den nynorske etnisiteten?

guffen sa...

kukola: det kjem an på om du betalar med euro eller lire.

nasjonalpostkassa: get real.

Anonym sa...

Guffen: er det slik at oppdateringane på denne sida no er kome ned i eit såpass moderat tempo at eg og frode like greitt berre kan sende postkort til kvarandre?

frode: har du merka noko rart med nasjonalpostkassa di?

guffen sa...

kukola (og frode): eg minner om at kåringa av nasjonalpostkasse ikkje er avslutta, slik at det er direkte ufint å omtala ei tilfeldig postkasse i vestre slidre som nasjonalpostkasse.

Anonym sa...

Nei, kukola, eg har ikkje merka noko rart med postkassa som leiar tevlinga "Norges nasjonalpostkasse". Han er trygt plassert i garasjen, litt inni ein krok.

Eg synest det er lite aktuelt å sende postkort. I.o.m. at kukola skriv alle innlegg signert frode, og guffen skriv alle innlegg signert kukola, medan eg ikkje har skrivi innlegg sidan ein gong etter 2005, blir det litt meiningslaust at kukola skal skrive postkort til seg sjølv.

Anonym sa...

Er dette berre lureri?