det spissar seg til i amerika. far min har som vanleg lagt opp til valvake natt til onsdag. den einaste som så langt har stadfesta at han kjem, er leiaren i volda vinstre. far min er rutinert, og reknar med at det kjem ei avbekrefting dagen før, av di leiaren i volda vinstre brått måtte til oslo. far min må difor trykkja i seg alle american pancakesane han har laga sjølv.
valet er spanande, men dei av oss som hugsar serien 'i ville vesten', der zeb macahan, stamfar til kandidat john macahan, hadde ei sentral hovudrolle, er vel ikkje i tvil om at det hadde vore det beste for verdsfreden om han stakk av med det kvite huset.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
8 kommentarer:
Faren, Zeb eller Luke?
...er min favoritt.
Frode.
zeb, sjølvsagt.
biletet er forresten teke før sarah palin fornya garderoben for hundre tusen millionar dollars.
Æ bæ Guffen, Zeb tapte.
Kva seier du om verdssituasjonen no, Guffen? Er du i tvil, kan du vel spørja far din.
obama er west ham-fan. verda er i trygge hender.
Det nektar eg å tru.
kukola: sjå på denne nettsida,
http://www.thesun.co.uk/sol/homepage/news/article732401.ece, eller søk på [obama west ham],og et i deg dei ufine orda dine.
Legg inn en kommentar