6.4.09

SKJOR

folk i nabolaget har ein merkeleg måte å ynskja heimvende søner (med ein slags familie) velkomne heim. me kom rekande for 7-8 månader sidan, og så langt har me ikkje sett snurten av noko utprega sosialt liv. eit par av naboane har rett nok mumla noko om at dei burde ha invitert oss på kaffislabberas, men kakene har ikkje akkurat vore til å ta og kjenna på.

me har i staden brukt tida på å studera korleis skjorene byggjer seg reir i tuntreet. slik har det vore her på garden, i umenneskelege tider, men slik vert det ikkje i framtida. her om dagen kom den nest nærmaste naboen med traktoren sin. han vifta litt med motorsaga, før han køyde traktoren så hardt han kunne, rett inn i tuntreet, slik at det datt og slo seg. kva skjorene meiner om slik framferd, er ikkje godt å vita, men her i huset har me teke det med fatning og vel så det.

5 kommentarer:

frode sa...

Case 4210. Har 70 hk.
Kunne den vera noko for far din? Eller kanskje meir for mor di.

guffen sa...

onklT seier at det vert altfor puslete. har du ein farmall?

frode sa...

Spørsmål til spør Guffen-spalta:
Kari seier at appelsinen er eit bær. Eg likar ikkje spissfindig kunnskap, men spør likevel; er også bananen, kokosnøtta og sviska bær?

guffen sa...

eg veit ikkje kva spissfindig kunnskap er, men eg tvilar på at eg likar det. eg er likevel heilt og fullt i stand til å kosa meg med ei vellukka banan.

kjesso sa...

Appelsinen er ei frukt. Tomaten er eit bær. Kari er ein løk.