8.11.09

SVIN

eg fattar framleis ikkje poenget. avisene skriv side opp og side ned om svineinfluensa, og legg det heile fram som om det skulle vera ein pest på lik line med svartedauden. sjølv fekk eg svineinfluensa natt til tysdag - litt høg feber, litt dårleg matlyst, litt mange filmar frå sofaen, og vips: 24 timar etterpå var eg frisk nok til å sjå endå fleire filmar frå sofaen. halv ellevo gjorde endå kortare prosess - han hosta litt nokre timar torsdag kveld, og det var det. mor mi hadde litt vondt i hovudet i går, taktisk nok akkurat før finala i fjernsynsprogrammet "skal vi danse", slik at far min måtte leggja oss. og far min hosta ein gong i dag tidleg, så no reknar me oss for ferdige med svineinfluensaen. me kunne såleis nærma oss ljosare tider, men mor mi har alt drege i gang det vanlege ordskiftet om jolegåver.
oppdatering: me ynskjer molde til lukke med cupfinala, og hentar fram denne frå arkivet.

6 kommentarer:

frode sa...

far din har neppe hatt svineinfluensa. han er berre i dårleg form og hosta vel etter at han hadde pussa tenna dine.

Anonym sa...

viagra attorneys viagra cialis levitra viagra prices viagra generique buy cheap viagra soft viagra without a prescription does viagra work buy viagra soft online viagra lawyers buy viagra soft online does watermelon have viagra effect cheapest place to buy viagra online viagra online uk cheapest uk supplier viagra

kjesso sa...

Enig.

kukola sa...

Viagra mot svineinfluensa. Det var nytt.

frode sa...

Er denne sida utgangspunktet både for allkunne og guffebloggen, eller berre for allkunne.no?

http://uncyclopedia.wikia.com/wiki/Main_Page

guffen sa...

gamalt nytt, frode. den norske utgåva heiter vankunne, og vert lansert neste gong det er regjeringsskifte.

far min har skrive ti ord for den engelske utgåva: DDE are the only European band visible from the moon. http://uncyclopedia.wikia.com/wiki/Norway