4.4.10

GUFFEFILM 9


video

alle familiar har sine eigne påsketradisjonar. dei mest rutinerte taklar dette bra; dei ferskaste kan slita litt. kvar einaste kveld i påskeveka kom besten dragande med lysbileteframvisaren sin, bretta ut lerretet, og viste fram nokre usorterte og assorterte godbitar. dei fleste nytta høvet til å kvila ut etter ein hard dag, men for dei yngste vart det altså litt i meste laget.

filmen over viser korleis halv tolvo reagerte då besten for sjette dag på rad varsla at no er det kort tid att før han er klar med nye lysbilete.

6 kommentarer:

kukola sa...

Kva er dette? Berre ein liten svipptur til Hardanger, og brått er det tre nye saker?

guffen sa...

tida går seinare enn vanleg i hardanger.

kjesso sa...

Alle som har høyrt Olav H. Hauge lesa dikt kan vel underskriva på det.

Anonym sa...

Har aldri høyrd Olav H. lese dikt.

kukola sa...

No ja, dette var meir vanleg tempo.

Ingeborg Bjorland Hansen sa...

Hehe.