29.4.10

SUNDAG 2. JULI

Opp ved telefonvekking kl. 1/2 7. Skulle fraktast til flyplassen 1/2 8. Også det forsinka. Nervøst. Trudde vi måtte stå i "slingom-slangom". Men, rakk flyet likevel. Flybytte i St. Louis. Ein time venting. Mindre fly til Minneapolis. Carolyn henta oss. John var i militæret. Hadde visst vore amper stemning tidlegare i veka. For på Lip Synch konsert i ein parl. Åt la Sagne + is. Ga presang. Molteglaset var knusa over alle kleda mine.

- - -
guffemerknad: dramatikken held fram. typisk slekta til mor mi å ta med molter på utanlandsturar. og dette er truleg fyrste gong uttrykket "slingom-slangom" er brukt på internett.

måndag 3. juli

2 kommentarer:

kjesso sa...

Mykje tydar på at du har rett ang. "slingom-slangom". Men det har du jo om det meste.

guffen sa...

sjølvsagt har eg rett. men eg anar ikkje kva omgrepet tyder.