21.4.10

ELEKTRISITET

trugne lesarar minnest sikkert at det er under to år sidan me, strålande av glede, flytta frå sunnmøre. huset me flytta inn i i tjukkebygdi hadde (og har) sine manglar, men besten lova at han personleg skulle retta opp feil etter kvart som dei dukka opp. han rekna det som lite sannsynleg, sidan han hadde sett over det meste av huset, utan å finna feil. me rekna sjølvsagt med at besten snakka sant, slik han av og til har for vane, men den siste veka har det dukka opp eitt og hitt som tyder på at han kan ta seg ein bolle.

eitt: denne eksemplariske koplinga, mellom ein raud skøyteleidning og ein klassisk kvit leidning, hadde besten gått god for. svimerka på austsida tyder på at her kunne det gått til pisis.
hitt: denne stikkontakten hadde besten eigenhendig limt opp på veggen. svimerka i nordaust tyder på at det også her kunne gått til pisis.

5 kommentarer:

kjesso sa...

Dette luktar svidd.

frode sa...

eg skjønar ikkje kva de har i mot pisis.

besten sa...

Nei til NEMKO!

kukola sa...

Sabotasje? Har Frode vore innom?

guffen sa...

frode: nei, no vert det jo høgsesong og alt.

kukola: nei, heldigvis. men ein gong var han på oppheim.