3.12.10

OSLO

onkl T og eg var på ein snartur til oslo denne veka. han er som vanleg på leit etter folk og verksemder som er lettlurte nok til å tilsetja han, og medan han var på nokre jobbintervju sat eg på tåsen og prøvde å få tante M til å forstå det mest grunnleggjande ved nintendo. eg vonar at onkl T hadde eit meir oppegåande publikum. det skal forresten ikkje mykje til - tante M skjøna ikkje meir enn tjue prosent av det eg sa.

1 kommentar:

kjesso sa...

Det skal tanteM ha: ho er i alle fall ikkje lettskræmd av steinar som ligg i ro innestengde under glas.