23.8.05

BOMKJØP

no har foreldra mine gjort det igjen. dei har brukt tusenvis av kroner på eit monster av eit piano, trass i at ingen av dei er spesielt pianokyndige. dei kan ikkje rekna med å tena innatt utgiftene ved å spela på gata, så heile kjøpet passar godt inn i praksisen deira med å kasta pengar ut vindauga. i tillegg har dei plassert instrumentet framfor ei dør, slik at eg må leggja om traktor-ruta mi.

1 kommentar:

Anonym sa...

Eg trudde den offisielle far din hadde minst ein utgjevnad bak seg som pianist. I mange krinsar vert det teke som teikn på at ein er pianokyndig.

Legg du lista for høgt, eller er det noko mor di har fortalt deg, men ikkje den offisielle "far" din?