19.8.05

MINNE

no er me inne i ein merkeleg tidsalder. alle rundt meg gløymer ting dei burde vita. besten hugsar ikkje korleis han skal setja cd-plater inn i datamaskina si. far min har gløymt korleis han lagar lasagne. men det verste av alt er at mor mi har gløymt kva corn flakes heiter. då me skulle laga handleliste før handleturen, måtte me ta ein lang pause på kjøkenet. hovudet hennar var heilt tomt, slik at ho måtte ta det gode gamle alfabettrikset for å finna ut kva ho skulle kjøpa.

eg prøvde å forklara ho at ho sikkert kom på det dersom ho såg det i butikken, men sleit med å få kontakt

2 kommentarer:

Anonym sa...

Kim skulle kome i dåpen til Johannes. Det var såpass viktig at det ikkje var vits i å skrive det opp i almanakken. Dagen kom, men me såg ikkje noko til han. Men då me kom heime frå selskapet låg det ei melding frå han på telfonsvararen. Han lurde på om me skulle finne på noko.

guffen sa...

det heiter vel eigentleg teflon-svararen.