14.8.05

BRYLLAUP

i går kveld var me i bryllaup på lofthus. etter seremonien i kyrkja skulle festlyden gå i prosesjon til festlokalet, men denne prosesjonen vart noko forseinka, sidan nokon hadde gløymt ei bombe i bilen.

eg lurte lenge på kva folk skulle med denne bomba. seint på kvelden kom det eit lass med skotrarar (ein kombinasjon av jolebukkar og raudruss), og då skjøna eg at det kunne vera bruk for ei bombe. diverre var skytebasen ute av stand til å kvitta seg med problemet.

2 kommentarer:

Ragnhild Bjorge sa...

Eg var på Lofthus mest samstundes med dykk. Ok, nokre dagar før, men eg gifta meg ikkje, altso. Dersom det hjelper for eitt eller anna, gifta foreldra mine seg i kyrkja på Lofthus.

guffen sa...

eg trur ikkje det hjelper for eitt eller anna.