28.8.05

LØGER

på den siste rangeringa over sofadyr ligg tigeren på ein sterk tredjeplass. oddvar peikar på at tigeren eigentleg liknar meir på ei blanding av tiger og løve. korleis dette heng saman veit eg ikkje, men eg fekk dyret frå ein professor, og eg meiner at han brukte ordet tiger. eg må på biblioteket i morgon for å sjekka dette.

elles var eg på loppemarknad for fyrste gong i går. eg kjøpte ingen lopper.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Kun du vera interessert i ei gamal fotball-drakt? Den er lilla.

guffen sa...

å referera til fargar er meiningslaust. i faglitteraturen står det at eg er fargeblind i nokre månader til. men dersom det er ei west ham-drakt, er eg sjølvsagt interessert.