1.8.05

NAMN

besten har gjeve meg ei bok med namnetydingar, noko som vel er eit teikn på at han meiner det går litt seint med val av namn. eg har tidlegare skrive at det gjeld å nytta tida, men denne boka har gjort det uråd for meg å velja eit namn i det heile. i boka har alle namn ei tyding, og desse tydinga er oftast ulike variantar av "den agelege stridsmannen", "den ævelege hovdingen", "den agelege og ævelege hovdingen som tidlegare var ein ageleg stridsmann", og "han som vernar alle". det eg treng er eit namn som tyder "bleik, feit og lat".

2 kommentarer:

Anonym sa...

Kunne det vera aktuelt å leggje ut heile namnelista frå farfar? Så kunne det ha vore ei uformell avstemming om kva folk likar best.

Kukola

Anonym sa...

Og det er ikkje akkurat daglege oppdagateringar her.