20.4.06

KVARDAGSLIV

av og til funderer eg på kva andre gjer på kveldstid. for å finna ut meir om dette, lånte eg den hypermoderne mobiltelefonen til far min, og sende ei melding til omtrent alle han kjenner. dei fekk det same spørsmålet: kva gjorde du rett før du fekk denne meldinga?
(dei som står litt feilplassert i alfabetet fekk rett nok spørsmålet "kva gjorde du rett for du fekk denne meldinga", men dei fleste av desse var oppvakte nok til å ta poenget.)

her kjem altså ei nesten usensurert liste som viser kva folk dreiv med torsdag 20. april omtrent klokka seks. gledeleg nok såg ingen på idol, og ingen var heller travelt opptekne med å røysta framstegspartiet.

dei trikotasjeinteresserte
hilde stod i eit prøverom og fann bukse til anders, medan oddny prøvde ei bukse, og kjøpte bryllaupsklede til torkil.

dei kulturinteresserte
frode prøvde å sjå interessert ut då musikklæraren til signe fortalde om songen alle fugler, jens johan såg h c, johan sykla til operaen, far min høyrde på speedmetall, medan kjartan sjekka litt rundt.

dei venta
agnes vaska opp, christel sorterte i bokhylla si, gaute spelte sudoku, ida hadde konferansetime på skulen, jørgen sat med ein annan telefon og fikla med innstillingane,
oddvar kledde av seg, svein arne las, medan tobben sov.

dei uventa
lasn laga kaffi på la pavoni-maskina.

dei motorinteresserte
arnfinn starta bilen, medan kajsa forklarte mor si korleis bilnøkkelen fungerte.

dei gastronomiske
ada prøvde å få spaghetti inn i munnen på sondre (men han var oppteken med ein bit toast melba), mor mi åt pottittgull og drakk vin, medan tørsten hadde matro.

dei relativt uklare
kirsti lurte på om det var fordi ho vil prøve det nye badet, kristi svara ?, medan ragnhild svara at ho var jammen seg ikkje sikker.


og åshild er ikkje van med tidleg utvikla ungar, og trur difor at det var far min som sende ut meldinga. get real.

Ingen kommentarer: